Oktober 2009
No har vi faktisk hatt nokre dagar med bra vér, slik at vi har
fått i hus potetene og fått gått litt turar i fjellet
Etter ein kjempeflott sommar har vi no hatt to månader med meir
eller mindre samanhengande regn og ruskevér.
Då var det hyggelig med besøk av Susanne og Kent Magne.
Vi fekk ikkje gått så mykje i fjellet som vi hadde tenkt, det blei
inneaktivitetar som å ta imot kalvar, kortspel og Trivial Pursuit.
Vi har også teke avskjed med ein gamal venn av familien. Vår kjære
Toyota HiClass som vi har hatt i 15 år går no som taxi i Libanon.
September 2009
Mona hadde ei fin veke i sol og varme på Kreta saman med lillesøster
Anne og to venninner, Karin og Anita
Naturkrefter.
I kveldinga 29. juni høyrde vi brått ein kjempesmell ute, lyset blei
borte og brannsirenene ulte. Når vi kom ut på tunet såg vi at lynet
hadde slege ned, og eit av dei store asketrea vi har på tunet var
kløyvt frå toppen til rota.
Mai 2009
Då har vi gjort eit langt sprang i tid og rom. Søndag 3. mai var vi
i Stian Martin sin konfirmasjon i Porsgrunn. I
forbindelse med konfirmasjonen hadde Audhild laga til eit
søskenbarntreff på laurdagen, og med nesten 100% frammøte blei
det ei svært trivelig helg
November 2007
Mona feira 50-årsdagen sin siste helga i oktober med stor fest og 60
gjester på ungdomshuset. Heile familien var samla denne helga, frå
Spydeberg kom alle saman, unntatt Ole Jørgen, og vi hadde fullt hus og
nokre trivelige dagar saman.
Oktober 2007
Ein fin sommar blei følgd av ein trøstelaust våt og kald haust. Vått
og trasige forhold i siloslåtten, men vi fekk no både gras og
poteter i hus til slutt. Vi har sjølvsagt hatt ein og anna fin dag
innimellom lavtrykka, men stort sett vil vi helst gløyme denne hausten.
Bileta vi har plukka fram denne gongen viser ikkje så mykje av det
dårlege veret, men litt av det vi har styra med i det siste. Mellom anna
tur på Skålatårnet, studietur til Beitostølen med Harpefossen skisenter
og litt forskjellig anna.
August 2007
No går det fort mot hausten her i fjordbygdene. Den fyrste snøen har
alt vist seg på fjelltoppane, og siste vekene har vore svært kjølige og
regnfulle.
Men alt i alt har vi hatt ein fin sommar på våre kantar. I periodar
av juni og juli hadde vi flott sommar med mykje sol og varme, og vi
håpar framleis på mange fine dagar utover i september.
Denne sommaren har vi hatt tomt i fjøset, med alle 55 dyra på
utmarksbeite. No er ein god del av buskapen komne heim igjen. og dei
fyrste kalvane er komne til verda. Etterspørselen etter livkviger er bra
denne hausten, og vi har allereie selt 11 av kvigene.
Bilete frå krabbefest i naustet på Røed, tur på Røedsetra, bryggedans
på Stårheim og tur til Trollevassnyken med Anne Flugstad
Bilete frå tur til Åsane og Panoramavegen med Tvinnefossen og turistbåt
i Olden
Juli 2007
Sommarferie på svenskekysten og i Oslo
Juni 2007
Sommarshopping, fjelltur, jonsokfeiring, slåttegraut og litt
forskjellig
Mai 2007. Konfirmasjon på Haugland og 17. mai på Stårheim
April 2007
Bergenstur
Siste helga i april brukte vi til ein tur til vestlandshovudstaden
Bergen. Vi var usedvanlig heldige med veret, sommartemperaturar og
solrike dagar, og vi fekk sjå byen frå si beste side. Vi reiste med buss
nedover fredagen og hadde ein fin båttur heim igjen søndagskvelden.
Gourmemiddag!
Stine er for tida kokkelærling på Nordfjord hotell,
og her ein dag blei foreldrene til fyrsteårslærlingane inviteret på ein
flott fireretters middag, tilberedt og serevert av lærlingane Stine og
Lindis.
Meny: Kremet hummersuppe, skatevinger, rosastekt lammecarre og ein
himmels dessert beståande av kanel-og vaniljeisparfait med eksotiske
frukter.
Påsketid:
Det går mot slutten av april, men vinteren vil ikkje
heilt sleppe taket enno. April blei ein svært vekslande månad, somme
dagar så milde og vårlige som ein berre kan drøyme om, mens det dagen
etter lavar ned ein halvmeter snø. Påska starta med flotte ver i
palmehelga, deretter fekk vi ein halvmeter puddersnø, og så blei det ein
fin dag igjen 2. påskedag. Det blei dessverre ikkje tur på Hafsåsvarden
denne påska, men vi sleit oss opp i Vardeskaret gjennom laussnøen.
Susanne, Anita og Anders var heime heile påska, og i tillegg hadde vi
hadde hyggelig besøk frå Spydeberg, og det blei mange fine dagar på ski
og trivelege kveldar med kortspel og anna moro.
Bilder frå før påske og påska, litt hulter til bulter. Bildet
frå eit hol i snøen viser eit 2 meter djupt hi som er laga av ein
jerv som streifar omkring i fjella
Mars 2007
No har det gått snart eitt år (og ca 2100 besøkande har vore
innom) sidan sist oppdatering av denne sida,
og eg har fått litt kjeft for dette. Eg skal ikkje "ta ein Valla" ,
avvise kritikk og
skulde på alt og alle, men bøyer nakken i skam og lovar bot og betring.
Vi har hatt svært mykje regn og mildver dei siste vekene, og det det har
sett litt skummelt ut for påskesnøen. Men til dei som no går og ventar
på påskeferien har vi følgjande melding: Dei siste dagane har vi fått
ein halvmeter snø, og Remmedalen ser i dag ut akkurat som biletet på
toppen.
6.mars reiste vi til Tenerife på familietur, til Playa de Las
Americas og Parque Santiago III, der vi alle har vore før, ein eller
fleire gonger. Også denne gongen var vi heldige med veret, sol og varme
der nede, og eit trøsteslaust ruskevêr her heime.
Bilete frå turen ser du her....
Mai 2006
30. mai fylte Mons 80 år. Dagen blei feira i fleire omgangar. Fyrst
heime på sjølve dagen, med familie og vener, deretter med tur til Kalvåg
og Knutholmen i pinsehelga. Her blei det nærast eit "surpriseparty"
sidan hovudpersonen ikkje på førehand var klar over kvar feiringa
skulle gå føre seg, og slett ikkje visste om at syskena også stod på
gjestelista.
Vi hadde ei svært triveleg helg i Kalvåg, sjølv vi gjerne kunne ynskt
oss litt varmare ver. Helgaturen blei avslutta med besøk på gamle
slektstomter i Ålfoten.
April 2006
Etter ein lang vinter tjuvstarta vi på sommaren med ei oval helg i
Roma siste helga i april. Ein fantastisk flott by som har mykje meir å
by på enn det ein rekk over på tre dagar. Men vi hadde blinka oss ut ein
del ting vi ville oppleve, og hadde nokre fine dagar i "byenes by".
September 2005
September var stort sett ein våt og utriveleg månad, men med
nokre riktig fine dagar innimellom.
Besøk av slekt og vener frå Spydeberg og nokre fine fjellturar
Høgdepunktet var nok laurdag 3. september. Ein fantastisk fin dag
med tur til Skålatårnet i Loen, med syster Liv og Jenny Smørdal som
turkameratar..
August 2005
Dette blei den finaste månaden denne sommaren. Har plukka fram nokre
bilete frå mellom anna ein tur til Kråkenes fyr, og litt
forskjellig andre situasjonar.
Juli 2005
Bileta frå denne månaden er prega av siloslått og ferie på Râvø, og
i Oslo med Bislett Games og anna moro.........
Juni 2005
Betre seint enn aldri... Her kjem nokre bilete frå juni månad, som
var heller kald og våt.
Mai 2005.
19. mai. Anita 23 år i dag.
Gratulere med dagen, Anita. Håpar du får ein fin bursdag!!!
Bileta under er tekne på 3-årsdagen.
I dag, 16.mai,
vakna vi til snø, surt og kaldt ver. Våren kom
tidleg her i Nordfjord i år, med mykje fint ver frå påske og utover. Men
så langt har mai vore ein kaldare månad enn april, gjekk i varmedress og
klipte plenen i forrige veke, men vi håpar at det betrar seg til i
morgon.
Det har ikkje skjedd så mykje på denne heimesida siste halvåret, men no
har eg plukka fram ein del bilete frå dei siste månadane som eg legg ut
her, og let bileta tale for seg sjølve:
Mai:
April:
Mars:
Februar
Januar 2005:
Desember
November
Oktober 2004.
Dramatisk søndagskveld!
Melkeproduksjon består av mykje rutinearbeid. Men dei som har
drive med husdyr ei stund, har erfart at det stadig skjer nye ting og
oppstår uventa situasjonar, og at ein stadig lærer noko nytt. Men det er
heldigvis lenge mellom kvar gong det oppstår slik dramatikk som
sist søndag:
Då vi kom i fjøset om kvelden blei vi møtt av eit gapande hol i golvet
og tre tomme båsar i ungdyravdelinga. Den ein båsen var rett nok ikkje
heilt tom, for der hang ei kvige etter halsbandet, men to oksebåsar var
tomme, og ved nærare ettersyn såg vi oksane i gjødselkjellaren med
hovudet så vidt over gjødselen, som var ca 1,5 meter djup.
Ungdyravdelinga ligg rett over gjødselkjellaren, og har open
forbindelse til kjellaren, med betongspaltar og stålrister. Denne
avdelinga huser ca 30 kalvar og ungdyr. Mykje tyder på at eine oksen har
kome seg laus. Han har herja rundt omkring i rommet, og truleg sett
foten fast i eine stålrista. Han har så klart å rive laus rista som veg
150 kilo, og både han og rista har deretter hamna i kjellaren. På båsane
der rista no var vekke, stod ei kvige og ein okse. Dei har så teke eit
steg bakover og hamna i avgrunnen. Oksen er 500 kilo tung,
halsbandet slitna og dermed hamna også han i kjellaren. Kviga er
monaleg lettare, og ho blei hengande i halsbandet og enda sine dagar
der.
No var gode råd dyre! Ingen sjanse for å heise dyra opp opninga i
golvet, og vi har ikkje port i kjellaren, berre ei opning øvst på veggen
der vi set inn pumpa når kjellaren skal tømast. Dermed var det berre å
finne fram pumpa og få pumpa opp i den tome gjødselsiloen så mykje at
ein med nød og neppe kunne beveg seg inn i kjellaren med lange støvlar.
Å heise dyra ut gjennom opninga i veggen blei prøvd, men viste seg å
vere umogeleg. Dermed stod vi att med berre ei løysing: Vi måtte lage
større opning i betongveggen slik at dyra kunne kome ut der. Med
vinkelsliparar og slegge gjekk vi laus på veggen, 20 cm armert betong,
og rett før klokka to om natta var vi igjennom veggen og fekk
siste oksen ut. Den hadde dessverre skada foten så mykje at vi måtte
bestille nødslakt neste morgon, men den andre oksen er i fin form.
Tusen takk til gode naboar, Tore, Anna Rita, Roald og Asbjørn for
heltemodig innsats! Også stor takk til dyrlegen vår, Jørgen Langeland.
Han var her heile kvelden og bidrog med gode råd og idèar, og var
sistemann som reiste heim kvart over to om natta. Han var nok også den
av oss som hadde best sving på slegga, slik at vi andre ikkje gav opp då
betongveggen ei stund virka uovervinneleg med dei enkle reiskapane vi
rådde over.
Endelig litt fint haustver!
Har hatt besøk av Anne Fjeldstad og Elin Bredin. Det flotte veret
blei mellom anna nytta til ein kjempefin tur til Hafsåsvarden og utover
fjella mot Rundesteinen.
September 2004
Vått og vått og vått! Det regna 25 av 30 dagar denne månaden. Det er
ikkje ofte dei store "ungane" er heime, men no har vi hatt besøk av
Susanne og Martin nokre dagar. Sjølv om det regna måtte vi ha ein
fjelltur.
Britta og Jens har også teke ein tur over fjellet og på biletet ser vi
dei har ein liten pause under Eidamessa.
August 2004
Tropevarme ein periode, også her på Vestlandet. Over 20 grader
varmt badevatn på Refvika!
Juli 2004
I ferien denne sommaren gjekk turen fyrst til Porsgrunn og hytta i
lag med Jorid og Dag Willy. Deretter gjekk turen over fjorden til
Sverige og hytta på Rävø. Litt kjølig dei fyrste dagane, men så kom
fineveret og varmen. Ferien blei avslutta med nokre dagar "storbyferie"
i Oslo.
Juni 2004
Flott skuleavslutning på Eid ungdomsskule med kjempefint program i
Stryn kulturhus og middag på Alexandra.
Jonsokfeiring på Heida i fint ver og stort frammøte.
Anita og Anders var heime i slåtten, god avling og smekkfulle siloar.
Mai 2004
Svært tidleg vår i år. Varmt og fint i slutten av april og byrjinga
av mai. Litt kaldt og utriveleg 17. mai. Og så fekk vi ein
skikkelig kald og våt periode ,med kald nordavind og snø. 10 cm snø og
brøytebil gjennom Remmedalen 21. mai!
April 2004.
Jarle 50 år!
Dagen blei feira i Fram, rundt 50 gjester og ein riktig triveleg
fest!
Påska 2004
Fint ver i starten av påska i år. Alle jentene heime i kortare
eller lenger tid, og begge oslobuarane hadde med seg sine kjære. Det
blei turar både til fjells og til kysten.
Vi som er -54 modellar fyller 50 dette året, og langfredag var det Arve
Hafsås sin tur. Triveleg kveld i Fram!
Mars 2004
Beklagar at det er lenge sidan siste oppdatering av desse sidene. Skal
prøve å skjerpe meg.
No nærmar det seg påske, det minkar på snøen, men det ser ut til å bli
nok snø til skiturar på Heida (og lenger for dei som vil det) Vi er
nettopp komne heim igjen frå ein familietur til Tenrife, saman med Anne
og Pål med familie, samt svigermor og svigerfar. Det blei eit svært
vellukka opphald, noko som desse bileta viser litt av:
Bilete frå turen til Tenerife:
November 2003
Etter ein trasig oktobermånad med regn og flaum, snø og kulde, kom
november med ein ettersmak av sommar. Ein morgon var her ca 16 grader,
og varmerekordane ramla i søkk og kav her på Nordvestlandet, med 22
grader i Tafjord som høgdepunkt. Viser nokre bilete frå tur til
Rundesteinen og Lundavarden.
Oktober 2003
Tru det eller ei,
men denne månaden er det 25 år sidan deler av familien køyrde i
kongelig kortesje på den nyopna vegen over Strynefjellet. Dei var på veg
heim etter å ha feira bryllaupet vårt i Spydeberg då dei hamna i
kongeleg selskap. Dette betyr at vi har vore gift i 25 år, og det blei
feira i sømelege former ein laurdagskveld for ei stund sidan.
Stine likar godt å vere med i fjøset, og har allereie bestemt å
ha ku og kalv som 4H oppgåve komande året.
Besøk frå Spydeberg i haustferien. Dei som ikkje har prøvd spelet
Fantasi bør gjer det. Artig!
September 2003.
Etter fleire år med kjempefint ver i september og oktober, har denne
hausten bydd på godt gamaldags Vestlandsver, med regn og skodde og snø
langt ned i fjella. Men no er avling og krøter komne i hus,
og då kan det berre regne.
Siste helga i september var vi samla til "klubbefest" på Heida. Då
fyller vi magane med klubb og alt som dertil høyrer, eit sosialt og
svært hyggelig tiltak! Per Myrstad og Dagfinn Føllesdal var heime
på "guttetur" denne helga, og fekk treffe mange gamle kjende denne
kvelden.
Sommaren 2003.
"Den finaste sommaren i manns minne" seier mange. Vel, dette er eit
utsegn som kan diskuterast, men vi har hatt ein fin sommar, der om
herskar ingen tvil.
Det blei gode grasavlingar slik at siloane er fulle. Det var også godt
ver i slåtten, bortsett frå siste dagane i hoslåtten. Då var slusene
opne på Nordvestlandet, og mange stader blei det store skader på grunn
av flaum.
Vi har laga ei eiga side med bilete frå sommaren, og den finn du
her...
25. mai 2003.
"Veslejenta" blei 15 år og stod til konfirmasjon på same dagen.
Heile familien samla til festleg samvær. Fint bunadsver! 15. juni er det
Lars Petter sin tur til å bli konfirmert i Hovin kyrkje i
Spydeberg, og då samlast vi igjen. Kanskje blir det bilde frå den
seansen seinare.
Når vi kjem heim igjen frå turen austover blir det heile folket i arbeid
med slåtten.
15. mars 2003. 50-års kalas i Trondheim
Denne helga var vi i Trondheim for å feire 50-årsdagen til May-Britt
Wibe, ei veninne frå "gamle dagar" Mykje trivelege folk og ei
avslappande helg. Fin tur over fjellet fredag.
12.mars 2003. Ein uvanleg vinter.
Vinteren har vore uvanleg mild og snøfattig, så langt. Vegen opp på
Heida er omlag berr, og det er ikkje råd å renne på ski derifrå og
heim. Anlegget på Harpefossen er stengd.
Konfirmantane hadde samtalegudsteneste sist søndag.